Kecárna Playlisty
Obnov stránku
Desktop verze
Horní menu

Etableringsfasen - text

det va andredagsfesten, søte Jorunn forstod
du kan tenkji deg resten, e flutte heim te ho
me drog ut frå sentrum som nyforelska par
e satsa alt på Jorunn og hennas forfalne gard

mamma va skeptisk, det her har e sett før
du tek stor risk, du gløyme deg sjøl
du øydelegg ryggen, den er endå ikkje fin
etter tre år i skuggen hjå Berit i Øydelien

det her er karriera mi
det er det einaste e kan
og vera fyrsteelskar ei tid
og seta gamle hus i stand

no har e flutt lenger inn, der ligg det endå ein gard
med stolte Kristin og ein pleietrengande far
Kristin si ho elska meg, e er slik ho har drøymt
e bytta tak so e dett ned, ryggdiagnosa er gløymt

og du då? går du alltid med trygge steg?
du då? flyg alder hjarta ditt i veg?

no er det e og Anna, det va ho som fann meg
ho er fiks ferdig utdanna, vil etablere seg

etableringsfasen kan vera lang

Text přidal zanzara

Tento web používá k poskytování služeb, personalizaci reklam a analýze návštěvnosti soubory cookie. Používáním tohoto webu s tím souhlasíte. Další informace.