Nordnorske Kjærleiksdikt - text

folk trur ho flutte nord
for ho elska stor natur
e veit at ho drog
frå meg og her e bur
no er ho prislønna poet
hennar dikt lev eige liv
folk skulle berre visst
det er våre liv ho skriv

det er ikkje te å tru
det er e som skull ha pris
som har nådelaust erfart
som har ein harddisk med bevis
ordrett gav ho ut
alt som me gjorde og sa
ho fær skryt tå biletbruk
den er ekstra bra

e va kje god for ho
ho va kje god for meg
ho har det bedre no
det må e leva med

på talkshow legg ho ut
om ei vanskeleg tid
e sit her som troll
ho fær sympati
e kunne ha fortalt
det ville folk nok likt
sjøl gav ho alt ut
i Nordnorske Kjærleiksdikt

Text přidal zanzara

Tento web používá k poskytování služeb, personalizaci reklam a analýze návštěvnosti soubory cookie. Používáním tohoto webu s tím souhlasíte. Další informace.